Vinjerock tek Balansemerket
Her fortel festivalsjef Guro Furunes Pettersen om Vinjerock sin veg til merket.
Over tre dagar i juli kvart år, samlar Vinjerock 3500 friskusar på Eidsbugarden for å høyre kvalitetsmusikk med Jotunheimen som bakteppe. Saman med ein liten administrasjon er festivalen dreven av omkring 36 frivillige med hjarte for ein festival i fjellheimen. Med seg har dei og 750 frivillige under sjølve festivalen.
Balansekunst er stolte av å kunne dele ut Balansemerket til Vinjerock.
– Gratulerer med Balansemerket, Guro!
Tusen takk, heile gjengen tykkjer det er utruleg stas å motta merket! Eg trur me må slå til med litt bakst på kontoret for å feire.
– Mm, velfortent! Så kvifor valde de å ta merket?
Vinjerock har inkludering og mangfald som nokre av sine kjerneverdiar, for oss så har det betydd at me har jobba aktivt for at Vinjerock skal vere tilgjengeleg for alle som ynskjer å ta turen til oss. Det vere seg gjennom å tilrettelegge for mennesker med funksjonsnedsettingar, til dømes eit samarbeid med Beitostølen Helsesportsenter om lån av terreng-rullestol. Eller korleis me aktivt jobbar med 50/50 kjønnsbalanse på våre scenar og representasjon av utøvarar med ulike bakgrunnar og perspektiv – me ynskjer at ein sjå mangfoldet i samfunnet vårt på våre scenar. Og då var det eit naturleg sted vidare å ta Balansemerket.
– Som musikk i våre øre! Kva tiltak har de utarbeidd?
For oss handla det like mykje om prosessen for å ta merket, ta kurs, det å sette oss ned i einskap å diskutere, kartlegge våre risikoar, stadfeste kva våre retningslinjar er og ikkje minst få på plass gode rutinar for varsling. Det er fort gjort at ein tenkjer “sånn har me det hos oss, og det veit alle”, utan at ein eigentleg har forankra det i organisasjonen, med dette arbeidet har me gjort nettopp det. Det betyr ôg at me no sitt med ei solid og god verktøykasse for vidare arbeid.
– Korleis opplevde de forresten prosessen med å ta Balansemerket?
Me har opplevd prosessen som utruleg nyttig for vår organisasjon. Det å løfte opp tema i einskap, få gode diskusjonar internt og ikkje minst forankre arbeidet i organisasjonen. Ein kan jo oppleve at det er mykje å gape over før ein sett i gong, men me har opplevd at det har vore gode ressursar å lene seg på, både i form av kompetente, rause og dyktige mennesker og fagmateriale. Det har gjort jobben både enkel, gjevande og spanande.
– Kvar går vegen vidare no som de har oppnådd merket?
Vegen vidare for oss no handlar å forankre og implementere arbeidet me no har gjort nedover i heile organisasjonen. Det er eit kontinuerleg arbeid uavhengig av kva for type organisasjon ein jobbar i tenkjer me, men ekstremt viktig når ein jobbar i ein festival som samlar mange mennesker som møter både kvarandre og Vinjerock for fyrste gong.
Balansekunst gratulerer og gler seg til vidare samarbeid!
Vil din virksomhet ta Balansemerket? Ta kontakt med prosjektleder på victoria@balansekunst.no.